Her finner du materiale som omtales i, eller er relevant for tema som tas opp i boka Tekst 2 null.

Boken kan leses i sin helhet på nett: tekst2null.infodesign.no mens "oppfølgeren" Digitale medier og materialitet kan bestilles her.

Les mer om boka på disse sidene og hos Universitetsforlaget

10.12.2013

Død, men digitalt levende

Vi er snart 1,3 milliardar Facebook-brukarar på heile kloden. Alle skal vi døy. Kva blir igjen etter oss? Gjer bruken av sosiale medium døden mindre privat? Lettare å bera?

Digital gravstein.
Asbjørg Øyo Fjellro døydde i fjor etter eit aktivt liv, også på sosiale medium. For dottera Ragnhild Fjellro og søstera hennar har det vore eit heilt medvite val å halda Facebook-sida til mora open. Fjellro fortel at profilen til mora er ein stad for å stogga og kvila i det ho kallar den digitale ferda:

– Vi reiser jo rundt i det digitale, sjekkar oppdateringar på Facebook, tvitrar om nokre artiklar vi har lese, loggar oss inn på Instagram og ser på bilete der. På denne reisa kan det oppstå kjensler, og då hender det at eg saknar mamma. Då er sida hennar ein god kvild – blikket hennar på biletet, minna eg får om henne.

Ragnhild Fjellro er lektor i digital medieproduksjon ved Høgskulen i Østfold. I spalta ho har i Klassekampen nytta ho i sommar uttrykket digital gravstein. Ho forklarer:

– Vi kan gå tilbake i det ho har skrive, og til bilete av henne – det livet som var. På den måten kan vi også bringa ho med oss vidare.

Fjellro fortel det betyr mykje meir for henne å ha den digitale sida å gå til enn den fysiske gravsteinen. Ho klarer ikkje å knyta moras vesen og temperament til natursteinen granitt. Facebook-sida er mykje enklare å nå. Dessutan er det så mange tradisjonelle rutinar og reglar knytt til ein vanleg gravstein, der er så klare rolle og forventingar på ein gravlund.

Kilde: Morgenbladet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

 
Design by Pocket Blogger Templates